Historikk
HH 50talet
DSC03318
Hindholmen orginal
hindholmen 1980 Romsdalsmuseet 2
hindholmen_ jonny Olsson
Hindholmen_sunnmores historie

LOA : 30,5 meter

Breidde: 6 meter

Maskin: Wichmann 3AC 240 hk frå 1954

Byggeår: 1916

Byggeverft: Kristiansands Mekaniske Verksted

Fiskerimerke: M-16VD

Kallesignal: LECS 

Hindholmen vart bygt ved Kristiansands Mekaniske Verkstad i 1916. Fartøyet fekk byggenummer 157, og vart ein av fleire i ein serie like fartøy,  som vart bygt tidleg på 1900-talet.  Som nybygg målte Hindholmen 109,8 fot, breidde 19,8 fot og 9,7 fot djupgåande. Som dei føregåande skipa bygt over same lest, vart også Hindholmen utstyrt  med ein 230 hk trippel ekspansjons dampmaskin. Første verdskrigen førde med seg mangel på råvare m.a. stål, og det  var truleg årsaka til at Hindholmen vart bygt 10 fot kortare enn dei føregåande skipa, som var konstruert av verftet sin teiknesjef, Gotlieb Nilsen. I motsetnad til sine forgjengarar vart Hindholmen bygt på spekulasjon, eller for verftet si eiga rekning.  Nye bestillingar hadde stoppa opp, men verftet heldt fram likevel bygginga av fiskedampskip. Prisen låg på rundt kr. 73 000 for fiskedampane, men ved byggestart antyda meklaren at verftet kunne rekne med 112 000 kr. for det nye skipet. Auken var i tråd med prisutviklinga, men mens verftet tente godt, så vart det dyrt for kjøparen, som ved byggestart ikkje hadde teikna kontrakt. Den endeleg prisen vart kr. 135 000 kr.

Eigarskap:

Roald Havfiskeselskap på Vigra var første eigaren av båten. Elias Roald var disponent for så vel dette selskapet som Ålesund fiskeriselskap. Sistnemnde selskap tok over som eigar  i 1918. Etter dårleg fiske i 1922 gjekk selskapet konkurs. Den høge kjøpsprisen for skipet hadde nok si årsak i konkursen.Båten vart såleis selt til Brørne Jacob og Ragnvald Svinø i 1922. I 1928 vart Hindholmen forlenga ved Liaaen Verft til 117 fot. Hindholmen vart i familien Svinø fram til 1941, då det vart selt til a/s Kvitøy  v/ Aarseth reiarlaget på Vartdal.   














                                                                           









2.verdskrig:

I tysk eige Like etter krigens utbrot vart Hindholmen rekvirert av tyskarane, og kom ikkje tilbake til Vartdal før ved krigens slutt. Under tysk kommando gjennomgjekk Hindholmen, som fekk det tyske namnet Markgraf von Brandenburg,  større ombyggingar. Bakken vart overbygt. Båten skulle nok ikkje brukast til fiskeri, men som vaktskip langs kysten og fekk derfor montert ein torpedo på dekket og ein kanon på bakken. Kanonfundamentet er framleis synleg.  Det vert fortalt at det aldri vart utført noko krigshandling  frå desse framandelementa  om bord i  den elles så fredelegefiskedamparen.                             

Etter frigjeringa i 1945 fekk Hindholmen attende sitt ærverdige namn og han vart dokksett ved Hjørungavåg Smie -og Sveiseverkstad for ombygging. Krigsutrustninga vart tatt ned og det vart lagt nytt dekk. 


I 1947 var båten klar for ny fart, og atter utstyrt for fiske.

















I  1954 kom båten attende til Hjørungavåg Smie -og Sveiseverkstad for ei ny, stor ombygging. Dampmaskinen vart tatt ut og erstatta med ein tresylindra Wichmann dieselmotor på 240 HK. Den same maskinen er framleis om bord og går som ei klokke. Dieselmotoren gjorde kjelerom og kolbingar overflødig. Skottet mellom kjele og last vart fjerna, fartøyet fekk nytt lasterom, innreidd som fryseri framom maskinrommet. Det fremste lasterommet vart også isolert.  Den høge dampskorteinen vart erstatta av ein langt mindre skorstein og styrehuset av tre vart erstatta av eit nytt i aluminium. Styrehuset gav og rom for bestikk og til ny skipperlugar i bakkant. Under vart det plass til mannskapsmesse.

Og det er desse tidleg 1950-åra som dannar bakgrunnen for  tidspunktet for restaureringa av Hindholmen. Det er på 1950-talet dei store endringane i norsk fiskeri tok til, det er dette tidspunktet dei sosiale tilhøva om bord i fiskebåtane vart endra til det betre.
















Fiskeri:

No starta det eventyrlege fiskeria som Hindholmen vart med på. På vintersildfiske i 1950-60 åra vart han ein føregangs båt, kjent for dei største sildelastane. Ved Grønland dreiv han etter kveite, laks, torsk og sei.


Ved Færøyane, Shetland, Hebridane; sei, pigghå, håkjerring og rundfisk. Båten fiska og etter sild på Island. Hindholmen var  og med på prøvefiske utanfor Ghana kysten i Afrika, her er eit utdrag av rapporten der båten er nemnd:




















































Ms Hindholmen var første båten som fekk installert kraftblokk om bord. Men ho vart tatt ned att ganske fort, folk var redde for at båten skulle kvelve med den tunge installasjonen på sida. Men med betre utvikling av både kraftblokk og nøter, så vart kraftblokka på ny montert på Hindholmen.


Filmar frå Sildefisket på 50 og 60 talet, som Hindholmen også var ein del av:












Film om Blåkveite fiske, som Hindholmen også var ein del av:













På slutten av 1970-talet gjekk Hindholmen inn i si siste fase som fiskebåt i kommersiell drift, og i 1979 var det slutt.  Lite vedlikehald av båten var gjort dei siste åra, då det var bestemt at han skulle gå utav drift og erstattast med ein ny.






















Slik såg båten ut i 1979.


På den tida var det vanleg at eldre båtar vart søkkte i dei djupaste fjordane, som t.d.  Voldsfjorden og Vartdalsfjorden etter at kostbart utstyr som maskin, hjelpemotor, navigasjonsutstyr og o.a. verdfull installasjonar vart plukka utav båten.



Arbeidsgruppa om vart oppretta for å verne båten:

Rolf Vartdal  - Skipper/fiskebåtreiar

Leidulf Grønnevet - Skipper/fiskebåtreiar

Edvin Aarseth  - Repr. Aarsethreiarlaget

Kåre Dag Madsen - Vartdal Barne-og Ungdomskule 

Jon Tvinnereim - Distriktshøgskulen i Volda                                                                             

Norleif Vik - Volda pedagogiske. Høgskule  

Brit Aarseth - Vartdal Barne-og Ungdomskule                                                                     

 

 

Ideen om vern av ms Hindholmen:

Så kom ideen om å ta vare på ms Hindholmen: Brit Aarseth, som då var lærar på Vartdal Barne -og ungdomsskule fortalde ein dag på lærarromet, at no skulle Hindholmen søkkjast i Vartdalsfjorden. Dette var for gale,  meinte  lærar Kåre Dag Madsen. Lærar Terje Sørheim og rektor Johannes Melle var av same meining. Skal denne vakre skuta berre forsvinne i djupet? Det gjekk nokre dagar, ideane svirra rundt i hovudet på oss;  Kva med å ta vare på skuta ? Tanken om vern av vår kystkultur og vern av våre tradisjonsrike fiskebåtar på Sunnmøre hadde lenge vore omtala i media og blant folk flest. Vi kjende at tida var inne.

Fylkeskonservator i M&R, Birgitta Rønnestad var på synfaring om bord i Hindholmen 3. september 1979. Ho meinte at vi skulle få i stand ei arbeidsgruppe og arbeide ut eit kostnadsoverslag og elles innhente andre opplysningar og idear rundt prosjektet. Slik vart arbeidsgruppa for vern av ms Hindholmen skipa, torsdag 13. oktober 1979 heime hos Brit Aarseth på Vartdal.                                                                  

Brit vart valt til sekretær for gruppa.


På møtet i arbeidsgruppa kom det fram mange positive synspunkt om bruken av båten: lektor Norleif Vik hadde ideen om eit prosjekt om” Bygda Vartdal”. Vern av Hindholmen ville kome som ein naturleg del av i dette prosjektet. Studentane ved Lærarskulen i Volda kunne bruke praksisperioden i lag med elvane v/Vartdal Barne -og ungdomsskule til arbeid og opplæring om bord i båten. Dei Pedagogiske sentra både i Volda og  Ålesund stilte seg positive til prosjektet, og såg føre seg  at andre Barne -og ungdomsskular  i M&R fylke kunne nytte båten , som t.d. leirskuleopplegg m.m.

1980 vart det store igangsettingsåret for vern av Hindholmen  rit fekk litt problem med å overtale fiskebåtreiaren Aage Aarseth, som disponerte Hindholmen, han var ikkje spesielt begeistra for ideen. Han ville nok kvitte seg med båten snarast råd  og ta til med planlegginga av ny båt. Dette vart no ei hefte for han, og kanskje var han vel heller ikkje så begeistra for at kona skulle engasjere seg så sterkt i dette, han visste og kor mykje arbeid det ville verte å drive ein båt, så litt omsut for kona låg nok i denne tankegangen. (Og det fekk nok kona erfare etter kvart. Ho hadde ein klok mann). Men han bøygde av, og kom med eit tilbod til gruppa om at greidde gruppa å skaffe 35 000kr. så skulle vi få båten i eige medrekna alt utstyr om bord. Og då var det i gang. Søknader vart sendt til bankar, firma, M&R fylkeskommune, kommunar på Sunnmøre , fiskesalslag, Fiskeri Direktoratet  mfl.




















Bilete frå omlag 1980, som ein ser er kappa med nedgang til romet kome på, og hekken er opna oppat.


Første året vart det tur med pensjonerte sjøfolk til Fiskerimessa i Trondheim 14.-17. august 1980. Det var også målet, og det var også drivkrafta i fortgangen i prosjektet.  Og med denne ståpåvilje og engasjement frå firma, bankar, stat, fylke  og kommunar, så innsåg arbeidsgruppa at no var tida inne til å skipe foreininga ”Hindholmens venner”. Det skjedde, enda ein gong, heime hos Brit Aarseth.                                                                                 

Vi såg det som nyttig at styremedlemane kom frå ulike geografiske område, der fiske og fangst gjennom tidene hadde vore, og framleis  var,  viktige næringsgreiner.

Det nye styret konstituerte seg på kontoret til Einar Svinø, Ålesund 1. juli 1980 kl. 14.00. (Einar Svinø var son til Ragnvald Svinø, ein av dei tidlegare eigarane av Hindholmen)

Og så gjekk det slag i slag. Det vert for lang utgreiing å ta med alt som skjedde framover.


Kvart år framover vart nye søknader sendt  departement, institusjonar, bedrifter, kommunar, stat og fylke. Ny utfart vart gjort til dei inste fjordar og til dei yste skjer. Hjørungavåg verkstad hadde gitt lovnad om gratis slipsetjing  av skipet årleg, det gav tyngde til prosjektet. Skipskontrollen var heile tida inne i bilete, men vi innsåg etter kvart at det vart vanskelegare og vanskelegare å oppfylle alle krava.  Hindholmen fekk utstett passasjersertifikat på 60 personar, no vart påleggslistene frå Skipskontrollen lengre og lengre, og det vart oppdaga meir og meir arbeid som måtte gjerast, t.d. sveising av nye plater i skroget, det kom pålegg frå El-tilsynet med meir.


Søknad vart sendt til Riksantikvaren, men, nei, ingen tilskot ville bli gitt til sveising, her skulle arbeidet utførast på antikvarisk vis, med klinking. Og lukka var at nettopp Riksantikvaren kasta sine auge på Hindholmen. Båten vart erklært verna av Riksantikvaren 03.06.1991, og vart med det plassert på Riksantikvaren si liste over verneverdige fartøy i Noreg. Og så gjekk det slag i slag. Hindholmen gjekk delvis for eigen maskin til Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter  i Kristiansand for skifting av plater i skrog med meir. I juni 1996 vart han dokksett,  og med støtte frå Riksantivaren på kr. 600 000 vart arbeidet satt i gang.  I august låg det føre ein tilstandsrapport med kostnadskalkyle på kr. 2.829 000 for det forventa arbeidet. Ved utgangen av 1997 var det klart at det ville påløpe tilleggsarbeid. Den totale summen for restaureringsarbeidet enda opp med kr. 14, 8 millionar, då er det medrekna trearbeidet som vart gjort ved Hardanger Fartøyvern senter, der alt treverk frå ruffen framme  og offiser lugarane akterut vart teke ut, restaurert og sett tilbake, også galgedekket vart overhala og hovuddekk skifta ut med ny treplank.

 

Vi innsåg etter kvart at Hindholmen prosjektet hadde vakse seg stort og vi trengde fleire samarbeidspartnarar. Sørøy Maritime Foreining (SMF), som bestod av medlemar frå Ytre Søre Sunnmøre; Herøy, Ulstein, Hareid  kunne tenke seg å gå saman med Hindholmens venner (HHV) og etablere ei stifting utgått frå dei to foreiningane . Og slik vart gjort 15, november 1994 på kafeen ved ferjeleiet på Rjåneset, Ørsta. Den nye stiftinga såg at her var mykje å ta tak i. Om lag 15 år etter at Hindholmen vart tatt i bruk som museumsskip, vart det konstatert  eit behov for omfattande restaurering,    og som følgje av dette  vart alle gode krefter sett inn i på å få Riksantikvaren  til å kome til Tjørvåg og om bord i skuta. Og så skjedde,  i april 1996 kom Torstein Arisholm frå Riksantikvaren og Gunnar Ekli og Svein Mosby frå Bredalsholmen Dokk og Fartøyvern senter  om bord.  Og det skal seiast at Hindholmen var kjent frå før hos Riksantikvaren. Fredrik Denneche, leiar for fartøyvern avdelinga ved Riksantikvaren, hadde følgt Hindholmen i vernearbeidet  frå første stund med gode råd og midlar.











Etter synfaringa om bord i april 1996 vart det likevel konstatert at ”her er mye fin gammel båt igjen” og dette vart starten på det store restaureringsarbeidet ved Bredalsholmen Dokk-og Fartøyvern senter og ved Hardanger Fartøyvern senter frå juni 1996 til 2005.


[Rapport frå opphaldet på Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter]


[Rapport frå opphaldet på Hardanger Fartøyvernsenter]


















Det var ei flott skute som atter ein gong kom seglande inn Vartdalsfjorden og til dei sunnmørske fjordane.

Vi hadde ordna framtidig liggeplass for båten ved Stranda verkstad i Ulsteinvik, på Vartdal ville det verte for ver hardt vinterstid. 
























Mannskapet, før avgang "Heim" frå Hardanger.

          

Det var som å starte på nytt etter at båten hadde vore borte i 8 år. Planar for sesongen måtte snarast kome på bordet. Så var det å ta fatt igjen med å skaffe nye midlar, finne sponsorar , og sist, men ikkje minst, finne frivillige som ville ta eit tak om bord. Merka at det vart litt trått å kome i gang. Det som vart berginga,  var at skipper Odd Runar Bjørdal i samarbeid med Opplæringskontora for utdanning av sjøfolk,  ordna det slik at matrosar  under utdanning fekk ta sine fagprøver om bord i Hindholmen. Dette vart gode inntekter for båten og i tillegg så skulle kandidatane også utføregenerelt vedlikehald om bord, som ein del av fagprøvene.                                                                                                                                                               

Og det losna og etterkvart med sponsorstøtte. Her ein del som kan nemnast, fleire har kome til etter som åra har gått. Søknad om midlar til ulike institusjonar vert sendt årleg. Riksantikvaren er framleis største bidragsytaren, også  Unistiftelsen, kulturminnefondet har  gitt større bidrag. Men det er eit tungt arbeid å drive, entusiasmen varierer . Vi er frivillige som stiller opp og gjer så godt vi kan. Men det som gir ny giv og ny entusiasme er når vi får det til, og vi kan få oppleve skuta i drift med glade menneske om bord inn gjennom dei vakre fjordane på Sunnmøre og ut mot havet og storbåra.                                                                                                                                                              


Merkebokstavane M16 VD viser veg og syner kvar båten har hatt sitt virke sidan 1941. Men frå si lange historie attende til 1916, har båten kryssa dei store hav; til Grønland, Island, Færøyane, Shetland, Hebridane, heilt til austkysten av Afrika på leiting etter fisken i havet. Han har gitt mat og føde til fleire generasjonar , han har vore ein god arbeidsplass for dei mange som har hatt sitt virke ombord. Han har vore føregangs båt for dei fleste fiskeria i Noreg på 1900 talet.   


13. oktober kom de første norske fiske fartøyer, nemlig "Henning ", " Suløy" og "Hindholmen". De gjorde klar nøtenerne sine i løpet av søndagen , og om kvelden gikk vi ut på feltet sammen med dem . Der var tydelig skjedd en total forandring på feltet. Alle fire fartøyer assistert av "Remøybuen" , et norsk  fartøy som fisker for eget selskap, lette hele dagen ut en å se en størje . Først ut på kvelden fikk vi fra F/F "Johan Hjort " se et par stimer ca 4 kvartmil vestenfor Three Points. "Henning", som var nærmest oss , kastet på den ene , og fangst ble ca 10 størjer av en vekt på 10-20 kg hver. Mesteparten av kastet besto a mindre fisk som gikk gjennom maskene i størjenoten "Henning" nyttet. Basen rusett kastet til ca 15 tonn,- men hovedmassen var altså mindre fisk. "Hindholmen" kastet også på en stim av større fisk, men snurpedaviden brøt ned , og størja forsvant. "Suløy" hadde notbåtene sine ombord i "Caribia" og assisterte "Hindholmen"
som hjelper. Vi fortsatte i tre dager å lete etter størjestimer i området syd av Tema til Three Points, men det var først frem mot solnedgang vi oppdaget enkelte stimer, og disse gikk fort ned igjen.  Enkelte kast ble gjort av "Henning" og "Hindholmen", men det lykkedes ikke å fange størjen.


Der var ikke tilnærmelsesvis de størjeforekomster vi hadde sett ukene før i området. Enten hadde størjen trukket vekk, eller også kom den ikke opp i overflaten. Vi så og registrerte mange stimer av ansjos på feltet , så det var ikke maten som var forsvunnet for størjen. Det var rimeligst å anta at den var trukket vestover da størjefisket er sesongbetonet utfor Sierra Leone og Senegal, og fisket tar til etter hvert vestover og nordover.

Sesongen tar til ut for Sierra Leone i midten av november og utfor Senegal i midten av desember.Vi ble derfor enig med fartøyene at de skulle fortsette å lete etter størje i område utforr Three Point mens vi med F/F "Johan Hjort" skulle lete vestover. "Cairibia" som hadde forlatt Dakar og var på vei mot oss, fikk vi radiosamband med , og ba dem søke langs egga østover mot oss. Vi møtte "Caribia" 18/11 ut for Cap Palmas. Hverken de eller vi hadde observert størje stimer av betydning. Vi ble enige om at "Caribia" skulle fortsette til Takoradi og hjelpe de tre ankomne fartøyene, som skulle fortsette å lete i området inntil vi kunne gi melding om bedre forekomster.

Sosiale media

Osnesbakken 27

6065 Ulsteinvik

mshindholmen@gmail.com

+47 952 89 335

Kontakt oss

Stiftinga MS Hindholmen





Hindholmens Venner

hindholmensvenner@gmail.com

© Copyright. Stiftinga MS Hindholmen